
Jordskjelv ved vulkanen Merapi
Laurdag morgon den 27. mai 2006 kom det ei melding i media om at eit jordskjelv på 6,2 på Richters skala hadde råka byane Yogyakarta og Bantul på øya Java i Indonesia.
Det vart meld om fleire tusen døde og etter kvart opp mot 10000 skadde.
Jordskjelvet var nok til at fleire hus rasa saman over eit stort område. Samstundes var infrastrukturen i behald. Sjukehusa stod ,vegar, kommunikasjon og straumforsyning var intakt. Dei fleste som vart råka var fattige folk, særskild eldre, som ikkje rakk og koma seg i ut av husa. Den same dagen som melding om skjelvet kom fekk vi varsling om at 8 personar fra Røde Kors i Norge skulle reisa ut og støtte Indonesisk Røde Kors( PMI) og helsestyremaktene sitt katastrofekontor i Indonesia ( MoH). PMI og MoH skulle starta og drive eit feltsjukehus i Bantul ved Yoygakarta 50 mil sør-aust for Jakarta på Java. Sjukehuset var det same som vi hadde med oss året før til Banda Aceh etter Tsunamien. Sjukehuset hadde stått lagra i Jakarta og personell fra MoH og PMI hadde vore på kurs med folk frå Røde Kors i Noreg. Eit nytt og spanande konsept. Det var første gang eit lokalt lagra feltsjukehus fra Røde Kors i Noreg vart brukt på nytt i full skala.

Måndag 29 mai var vi på plass på ein tennisbane i Bantul. MoH ville ha sjukehuset der. Lokalisasjonen vart litt diskutert da eit stort feltsjukehus som dette er tek stor plass. Det kan byggjast ut til å handsama 200 pasientar. Her vart det imidlertid fastslege at det ikkje var trong for større eining enn med ein kapasitet på ca 60 senger. Dessuten var nærleiken til eit sjukehus viktig. Der kunne dei mellom anna få teke blodprøvar , ta røntgenbilete inntil feltsjukehuset fekk opp sitt eige røntgen, og dei kunne overføre dårlege pasientar dit. Det var slått opp nokre telt på tennisbanen når vi kom og dei hadde alt byrja å behandla pasientar. Det var 16 inneliggande pasientar. Etter nokre dagar med organisering og bygging var sjukehuset så stort som det kunne bli innafor tennisbana med plass til 60 pasientar. Skadane er som vanleg ved slike katastrofar. For det meste sårskadar og brot- skadar. Poliklinikken kom raskt i gang og dei hadde om lag 150- 200 pasientar kvar dag dei første vekene. Oppgåvene våre var først og fremst rådgjeving og tilrettelegging. Det var ei spesiell oppleving og ikkje vera så aktiv i paseintbehandlinga som vanleg. Saman med helsepersonell frå Indonesia arbeidde og personell frå Hong-Kong, Singapore, India og Japan. Det synte seg raskt at indoneserane var på høgde med situasjonen og fekk til ei god drift av sjukehuset, sjølv om dei ikkje gjer det på vår måte. Ansvaret var deira, og dei takla det bra. Vi støtta dei med råd og tips der dei trong det. Rutinar for vaktplanlegging, forsyningar av medisinar og medisinsk forbruksmateriell kom raskt på plass. PMI ordna allereie frå første stund av mat til pasientar, pårørande og personell. Frå Norge var vi ein blanding av teknisk personell og helsepersonell som reiste. Utfordringane var kanskje størst på den tekniske sida i starten slik det som regel er ved oppstart av eit feltsjukehus.
Smilet er aldri langt unna i Indonesia jamvel om mange er hardt råka av katastrofen. Indoneserane lo av oss der vi sveitta i varmen over tunge kassar og løfting. Midt på dagen var det ”Java-time”, da sat vi skuggen med ein kopp av den gode java-kaffen.
Utafor sjukehuset er det rismarkar. Bøndene jobba på markene som vanleg medan sjukehuset vart utbygd. Ved vulkanfjellet Merapi går livet vidare.