
ICRC feltsjukehus på cricket-stadion i Muzaffarabad
Eit stort jordskjelv på 7,6 på Richters skala ramma 8 oktober Kashmir-regionen i Pakistan og India, samt delar av North West Frontier i Pakistan. Fleire byar i regionen vart heilt eller delvis øydelagde. Episenteret låg nær byen Muzaffarabad. I desember 2005 er talet på døde kome opp i meir enn 80000. Nærare 3,5 millionar vart heimlause.
På ein stadion i Muzaffarbad
Dagane på feltsjukehuset har vore intense. Målet vårt har vore å etablera sjukhuset på cricket-stadioen i Muzaffarabad for den Internasjonale Røde Kors Komiteen (ICRC). Sjukehuset har kome inn på lastebilar fra Islamabad på svært dårlege veier. Sjukehuset vart reist fort, mykje takka vera dei dyktige teknikarane som er med. Feltsjukehuset er basert på telt, og er eit samarbeidsprosjekt mellom finsk og norsk Røde Kors. Det innheld modular tilhøyrande kvar sin eining. Til dømes, mor-born, operasjon, pleie, kjøken osb. Modulane kan og sendas ut separat, noko som vart gjort andre stadar i Kashmir.
Sjukehuset er i godt gjenge
Etter dei
første hektiske vekene såg vi at det kom inn andre slag pasienter enn dei med
gamle brotskadar. Brotskadane som var lukka vart ofte behandla med strekk. 80%
av dei skadde var kvinnar og born. Borna med beinbrot fekk beina hengt opp. Ein
periode hadde vi eit heilt telt med desse borna Tålmodige låg dei der på rekke
og rad, berre sjeldan hørde vi gråt eller uro. Elles
vart det nytta plaster-strekk og tradisjonelt strekk med pinnar. Alle pasientane
hadde ein eller fleir pårørande med seg. Dei opne brota var oftast sterkt
infiserterte. Desse fekk kraftige dosar antibiotika som regel i form av
pencillin og metronidazole(Flagyl). I tillegg til at det vart gjort
sårdebrinement, og lukking av såret etter ein tid. Nokre fekk eksterne
fixasjonar, og mange vart lagde i strekk. sjukehuste har eit
perspektiv på 6mnd. Operasjonseininga kunne ta to pasientar på ein gong og hadde
oftast program på over 20 pasientar kvar dag. Den andre store pasientgruppa var
dei som om inn med infiserte sår med store sårflater som trengte
hudtransplantasjonar.Etter dei
første hektiske tre vekene var framleis nokre som kom inn med gamle infiserte
sår, men det vart stadig meir lungebetennelsar,
dehydrering og diaré. På ICU (Intesnive care unit), der eg arbeidde hadde vi og
nokon ungar med brannskadar. Pasientrgrunnlaget
skifta langsomt fra kirurgiske skadar til medisinske
sjukdommar.
Store
sjukepleiefaglege utfordringar
Sjukehuset er i sitt oppsett
innretta mest på kirugiske skadar så eit slikt skifte
kan vera ei utfordring. Høg grad av tilpassning og
mykje improvisering er imidlertid heilt
naudsynt under slike tilhøve.Sjukehuset
er sett opp med ei standardisert liste over medikamentar og medisin-teknisk
utstyr. Nivået er ikkje veldig avansert. Dette kjem og av at ein ikkje kan ha
enorme lager av eit stort utval av medikament. Kost-nytte ved utstyret vert og
vurdert nøye. Soleis har ein til dømes ikkje infusjonspumpar eller sprøytepumpar
, ikkje eingong på ICU.Det går mykje på grunnleggjande sjukepleie som
sårbehandling, pleie, mobilisering, og ernæring. Ein må og vera med å lempa
kasser eller bære bårar dersom det trengs.Den største utfrodringa var kanskje
hygiene. Med unnatak av ICU, var det ikkje vask på avdelingane. Handhygiene
vart i første hand ivareteke ved bruk av Klorhexidin 0,5% .
Vanskelege
butilhøve
Mange av innbygjarane i byen
hadde flykta, men andre hadde kome ned frå fjella frå
ennå verre butilhøve. Mange av dei budde i teltleirar
i byen. Det brøyt ut diaré i nokre av leirane. Vatnkjeldane vart og øydelagte
under jordskjelvet. Diaree spreier seg raskt der folk bur tett. Vi fekk inn
nokre småborn med diaré, av og til var dei så dårlege
at det var berre så vidt dei overlevde, andre gonger vart det for seint.
Pneumoni og bronkitt var det og mykje av, fleire i
svært kritisk tilstand.
Vi hadde og ein del av magesjuka inne i leiren vår. Heldigvis ikkje så mykje bland pasientane. Brannskadane kjem ofte når det vert tett mellom telta og det er vanskelig og verna ungane frå kjøkenbåla. På det meste har vi hatt 120 pasientar på sjukehuset, men det er kapasitet til å ta 200 pasientar. I byrjinga var det for det meste finnar og nordmenn som bygde og dreiv sjukehuset. Etter 6 veker forlet vi sjukehuset, trygge på at det er godt gjenge. Helsepersonell fra nesten heile verda er kome for å arbeide på sjukehuset. ICRC sitt perspektiv på feltsjukehuset på cricket-stadioen i Muzaffarabad er på 6 mnd.

Eit av fleir telt der ungar fekk strekk-behandling
Frost og svolt
Sjukehuset fungerer godt, men i leirane rundt i byen er det framleies slik at mange søv under åpen himmel. ICRC
går inn for å dela ute mest mogeleg presseningar og ullteppe. Mange vil bu ved
dei nedrasa husa sine. Dei har mest nytta av presenningar
framfor telt. Presenningane kan nyttast til å leggja
over restar av tak eller anna av det som står att av husa. Dei logistiske
problema er store når dei topografiske og klimatiske høve er så
vanskelege. Det fekk eg ved
sjølvsyn sjå då eg vart med ut på eit oppdrag med helikopter der ein
skulle henta ned pasientar frå eit fjellområde som
låg på over 2200moh. I området budde det over 5000. Dei hadde omtrent ikkje hatt
tilbod om noko helsehjelp etter jordskjelvet. I heile
det jorsdskjelvråka området går ein ut frå at det
over 200 000 som lever over snøgrensa på 1700-2000 moh, og som ikkje har tak
over hovudet. Helikopteret gjorde den same dagen mange turar
att og fram med ullteppe og
presenningar. Vegen langt nede i dalbotn var stengd av ras og kunne ikkje
åpnast på minst ein månad. Naudhjelpsarbeidet som FN, Røde Kors, og mange andre
organisasjonar driv manglar pengar. På grunn av det står tusenvis i fare for å
døy av svolt og kulde i løpet av vinteren.

Born med luftveissjukdommar var ein stor utfordring
på ICU.